Torsdag 23.november kl. 18:00 er det klart for Fjellgeitkvelden 2017 på Skjåk Turistheim.
Årets program er som vanleg:
- ljosbileteshow med framsyning av bilete frå årets turar
- utdeling av t-skjorter til alle ungar som har gått nok turar
- fotosession der alle får synt fram dei nye, fine t-skjortene sine
- trekking av flotte premiar og gåvekort
- heimelaga pizza og brus til alle
- loddsal på fruktkorg – hugs småskilling, folkens! Kr. 5,- pr lodd.
- offentleggjering av fjellgeitturane for 2018
Vaksne som har bestilt t-skjorte, ta med kr. 100,-!
PS! Vi vil gjerne ha fleire bilete frå dykk som har gått fjellgeitturar! Det er alltid stas å sjå seg sjølv på storskjerm! Send inn bileta dykre på epost til Olav Øiberg: olav.oiberg@yahoo.no
Velkomen til alle små og store fjellgeiter!