
Utsyn frå posten i Jøingsdalen
Utgangspunkt:
Parkeringsplass 100 meter aust for Dønfoss Camping.
Litt om turen:
Fylg fylkesvegen 100 meter austover til skilt mot Jøingsdalen. Til å byrje med er den raudmerkte stigen ein dels attgrodd skogsbilveg oppover mot kraftlinja. Så går ein eit stykke austover før ein tek bratt av oppover langs Gjøinge. Pass på så du ikkje løyser ut steinar på tur opp eller ned. Posten står der stigen byrjar å flate ut innover dalen med utsikt både utover bygda og innover dalen og fjellet. Det er blaute parti i nedre delar av stigen så vi tilrår fjellsko eller joggesko med vasstett membran.
NB! Ver ekstra merksam på å fylgje raudmerkinga i det øvste bratte partiet da det går eindel viltstigar på kryss og tvers av rette råket.
GPS-koordinatar post:
32 V 0452545 UTM 6867135
God tur!