Utgangspunkt:

Mykje snog att på Handspiken den 5. juni
Mysubytta (bomveg)
Litt om turen:
Fylg T-merka stig i retning Sprongdalshytta. Langs Surtbyttvatnet tek ein umerka stig av opp mot Kupa og Handspiken (fjellgeitskilt). Posten står på om lag 1400 meters høgde, og turen er om lag 8 km ein veg.
Skjåk Turlag går innom Handspiken på veg over til Jostedalen den 6. august. Sjå turlagsfoldaren for meir info.
GPS koordinat:
32 V 420819
UTM 6849675
Forhold per 5. juni:

Stadvis blautt i stigen
Det ligg framleis att noko snog i skyggepartia innover Syrtbyttdalen. Frå enden av Surtbyttvatnet er det stort sett berre snogdekke og snogen her er blaut. Per nå er turen ei real utfordring og kan kun anbefalast som trugetur. Posten er sett på utkikkspunktet over Styggevatnet og Styggevassdammen.