Post 9: Lundadalsvatnet

Utgangspunkt: Heimste Lundadalssætre (bomveg)

Turbeskriving: Fylg T-merka stig i retning Trulsbu. Etter Yste Sætre held du fram på godt råk langs høgre side av elva, heile vegen fram til Lundadalsvatnet. Lett terreng, om lag 12 km ein veg. Posten står ved osen. Fint å fiske!

GPS-koordinatar: 32V 0449971 UTM 684957

Kart: Turkart Skjåk

Posten vart sett ut 4. juni. Da var det stadvis blautt og det låg framleis att nokre snogflekkar. Stort sett bar snogen, men vi anbefaler skikkelege fjellsko, særleg ved høg vassføring.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.