Det vart ein kjempevellykka dag i Botn med skirenn, stafettar og hopprenn!
Mange var spente på skicross – kva var dette for noko rart? I mål såg det ut som alle hatt hatt det artig i løypa. Skigruppa kjem garantert til å arrangere skicross fleire gongar!
Etter renn var det stafett med bratte bakkar, kuleløype, 360-vending, baklengs-skigåing og kaste på blink – mange tøffe lag gav alt undervegs! Laget til Lars, Vemund og Paul fekk premie for beste fulltreffar. Aurora, Hans og Gudbrand vart raskaste lag. Gratulerar med strålande innsats!
Hopprennet hadde god deltaking, og her var det full innsats! Rykta fortel at det var minst ei ski som vart knekt undervegs… Lengste hopp stod Gudbrand for, Hans kom på 2.plass og Tore på 3.plass. Premiane for mest spektakulære fall gjekk til Kåre og Lina. Bra jobba, alle saman!
Elles var det full rulle i akebakken der både små og store kosa seg på ski og med akebrett.