Onsdag 18.november klokka 18:00 blir det Fjellgeitkveld på Skjåk Turistheim.
Alle ungar som har godkjent antal turar får utdelt t-skjorte. For dei som har vore med 1, 3 eller 5 år blir det merke. Har ein vore med 7 år får ein kopp og etter 10 år blir det ein flott Fjellgeitkniv!
Vaksne kan få kjøpt t-skjorte i løpet av kvelden. Pris ca kr. 100,-.
Det blir og bildeframsyning frå årets turar, trekking av flotte premiar frå bedrifter i Norddalen, loddsal på lekre fruktkorger (hugs småskilling til loddsalet;-D), og servering av brus og pizza!
NB: Har du lyst til å få med nokre av dine bilete frå årets turar på framsyninga? Send ein epost til Olav Øiberg: olav.oiberg@yahoo.no og legg ved bileta dine. Vi ynskjer ok biletkvalitet og helst max 5-10 bilete frå kvar husstand.