Torsdag 15.januar arrangerar skigruppa skileik for ungar i Dønfoss klokka 18:00.
Det blir leik og aktivitetar på ski både i bakke og på flatmark.
Vi satsar på å ha skileik kvar torsdagskveld framover. Økta held på ca ein times tid.
Når tilhøva tillet det, held vi på i Dønfoss. Blir det låkt med snog nedi bygda, blir skileiken i Botn.
Vi skal prøve å informere på nett kor vi skal vere frå gong til gong, men om du lurar kan du kontakte styret ved Øyvind Teigen (95 87 95 88) eller Ragnhild Taraldsrud (90 15 40 06).
Vel møtt til leik og moro!