Utgangspunkt: Tundradalssetrene. NB: Hugs kontantar til bomvegen inn Tundradalen!
Køyr Tundradalsvegen 9,3 km til Tundradalssetrene, Kryss elva Tundra på bru og fylg tydeleg stig innover Tundradalen på vestsida av elva ca 2,5 km. Lett tur. Det er fine fiskeplassar i Tundra når elva ikkje er flaumstor.
Fint å gå, men litt blautt enkelte stader. Lurt med sko som tåler vatn.
NBNB! Grunna vedlikehaldsarbeid skal brua ved Tundradalssetrene takast ned etter reinsjakta er slutt. Fjellgeitposten ved Tålormskogen blir difor fjerna innan 10.september.
Dersom nokon går turen seinare i haust, får de ikkje stempla på posten men kan skrive i foldaren kva dato de var på Tålormskogen.
Kartblad: 1518 IV Pollfoss
Turansvarleg: Astrid Bjørnstad
Posten vart teken ned til 10.september.