Klubbmeisterskapet i Skjåk IL skigruppa vart arrangert med 73 startande. Deltakarliste t.o.m. 10 år og resultatliste frå 11 år og oppover finn du her. Skirennet gjekk i fristil.
Dersom yngre deltakarar vil vite tidene sine, ta kontakt med Rønnaug på 954 06 419.
Vel møtt på neste skirenn onsdag 13. februar. Rennet er sett opp i Dønfoss kl. 18, men kan bli flytta til Botn. Følg med på bloggen!
Vi minne også om grannekarusellrennet laurdag 16. februar i Botn kl. 12, fistil. Dette er eit like uhøgtideleg skirenn som karusellrenna. Rennet er for 8-åringar og eldre. Møt opp anten som skiløpar eller heiegjeng!