Utgangspunkt: Illvegen i Tundradalen
Kjør ca 6 km etter Tundradalsvegen (bomveg) til fjellgeitskilt. Det er ikkje noko markert råk etterkvart, så du må fylgja dei blå merkebanda som er satt opp på nordsida av Illvegsgrovi. Noko ulendt terreng, ca 1 km opp til posten like ovanfor skoggrensa. Posten er ved minnesmerket om Klara Heggerusten, som 4 år gamal vart borte i september 1932 og attfunnen av ein rypejeger i februar året etter. Det står meir om denne tragiske historia i boka ”Drama i dalen” bind 3.
Vi i Fjellgeita ber om at de let merkebanda henge i fred, slik at andre og kan finne vegen til minnesmerket.
Det er sett opp ein fin stein som markerar den nøyaktige staden der Klara vart funnen. Det er viktig at denne steinen får stå i fred.
Kartblad: 1518 IV Pollfoss
GPS: 32V 0449276 6861215