Retningslinjer for publisering på nett, SIL

 

Skjåk ILs retningslinjer for publisering på internett

og publisering av resultater barneidrett

 

 Redaksjonsansvar:

Nettstaden/facebooksida sin redaktør er hovudansvarleg for at desse reglane blir gjort kjent for alle som har tilgang til publisering.

Artikkelforfattarar er ansvarlege for innhaldet i sine innlegg, og skal for øvrig signere desse med fullt namn.

Ord og bilete er mektige våpen, misbruk dei ikkje! Sjå avsnitt om bilete og samtykke.

Bruk av bilder

Mange vil gjerne publisere bilete av folk på internett. Dette krev samtykke frå den enkelte. Dersom bilde er av ein mindreårig er påkravd med samtykke av føresette.

Fotografi som avbilder ein person kan ikkje attgjevast eller visast offentleg utan samtykke av den som er avbilda, unntatt når:

  1. avbildinga har aktuell og allmenn interesse,
  2. avbildninga av personen er mindre viktig enn hovudinnhaldet i biletet,
  3. biletet attgjev forsamlingar, folketog i friluft eller forhold eller hendingar som har allmenn interesse.
Dersom ein ønskjer å publisere ein situasjon / gruppebilete / lagbilete utan å oppgje namn, fell dette utanfor personregisterlova sitt verkeområde. Eksempel på dette kan vere ei gruppe menneske på eit idrettsarrangement, 17. mai-tog, eller hendingar som har allmenn interesse.

Situasjonsbilete kan definerast som bilete der sjølve situasjonen eller aktiviteten er det viktigaste. Akkurat kven som er med på biletet er da mindre viktig enn hovudinnhaldet i biletet.

Utgangspunktet her er at situasjonsbilete kan offentleggjerast utan samtykke frå dei avbilda så lenge bileta er harmlause og ikkje på nokon måte er krenkande for dei som er avbilda.

Vårt fokus skal vere på situasjon og ikkje personen som er avbilda.

 

Publisering av resultater barneidrett.

Med barneidrett meiner vi idrettsaktivitetar for barn til og med det året dei fyller 12 år. Det kan benyttast resultatlister, tabellar og rangeringar i konkurranser for barn frå det året dei fyller 11 år,
dersom dette er formålstenleg. Alle barn skal få premie i eit idrettsarrangement dersom premiering skjer. For øvrig henvisast det til ”Idrettens barnerettigheter og Bestemmelser om barneidrett” fra Norges Idrettsforbund.

Samtykke

Når det gjeld samtykke, stiller lova i utgangspunktet ikkje krav til at dette skal vere skriftlig, men det må ikkje vere noko rom for tvil om eit samtykke verkeleg er gjeve eller ikkje.

Samtykket må vere ein aktiv handling.
Det er den som har publisert bileta som skal bevise at eit frivillig, uttrykkeleg og informert samtykke verkeleg føreligg.

Skjåk IL publiserer retningslinjene på web slik at det er synleg for alle kva verdiar vi legg til grunn ved publisering av bilete. Dette for å synleggjere at vi tek dette på alvor og prøver å etterleve dei retningslinjene som er sett.

Eventuelle kommentarar til bilete og andre publikasjonar, blir gjort ved å kontakte Skjåk IL.
Kontaktinformasjon finn du på nettsida og i organisasjonsplanen vår i kap 1.3.

 

Ver Varsom

Punkt til etterleving ved
publisering på Skjåk IL sine heimesider, henta frå Ver Varsom plakaten til norsk presseforbund om publisering:

  • Legg vekt på saklegheit og omtanke i innhald og presentasjon.
  • Gjer klart kva som er faktiske opplysningar og kva som er kommentarar.
  • Vis respekt for menneskers eigenart, privatliv, rase, nasjonalitet og livssyn. Framhev ikkje personlege og private forhold når dette er saka uvedkommande.
  • Sørg for at overskrifter, henvisningar, ingressar og inn- og utannonseringar ikkje går lengre enn det er dekning for i stoffet. Det er god presseskikk å oppgje kilda når opplysningar er henta fra andre medie.
  • Når barn omtalast, er det god presseskikk å ta hensyn til kva konsekvensar medieomtala kan få for barnet. Dette gjeld og når føresette har gjeve sitt samtykke til eksponering.
  • Barns identitet skal som hovudregel ikkje røpast i familietvister, barnevernssaker eller rettssaker.
  • Ver varsom med bruk av bilete i annan samanheng enn den opprinnelege.
  • Bilete som brukast som dokumentasjon må ikkje endrast slik at dei skapar eit falsk inntrykk.
  • Manipulerte bilete kan berre aksepterast som illustrasjon når det tydeleg framgår at det dreier seg om ein montasje.
  • For bruk av bilete gjeld dei same aktsomheitskrav som for skriftleg og muntleg framstilling.
  • Feilaktige opplysningar skal rettast og eventuelt beklagast snarast mogleg.
  • Ver varsom med å opprette peikarar frå digitale utgåver til innhald som bryt med god presseskikk. Sørg for at peikarar til andre medie eller publikasjonar, er tydeleg merka.
  • Det er god presseskikk å informere brukarar av interaktive tenester om korleis publikasjonen registrerer og eventuelt utnyttar bruken av tenestene.
  • Redaksjonen har eit sjølvstendig ansvar for så snart som mogleg å fjerne innlegg som bryt med god presseskikk.
Vedtatt
av styret i Skjåk IL
6.juni.2012

Comments are closed.