Lov for SIL

Lov for Skjåk il av 160316

skipa 01.01.1937



Vedteken av årsmøte 19.mars 2014, erstattar tidlegare lov av 20. februar
2013.




Basert på LOVNORM FOR IDRETTSLAG (Vedteken av Idrettsstyret/NIF 28. november 2011)
Generelt om lovnorm for idrettslag (frå NIF)

Ufråvikeleg lovnorm  Idrettslaget skal ha ei lov som er i samsvar med NIF-lova og denne lovnorma. Lova skal godkjennast av idrettskretsen. Lovnorma er ufråvikeleg og inneheld eit minimum av det idrettslaget må ha i si eiga lov. NIF-lova og lovnorm for idrettslag skal leggjast til grunn i alt lovarbeid i idrettslaget.
Innmelding i NIF Ved innmelding i NIF må idrettslaget bruke lovnorma som si lov. Først etter at idrettslaget er teke opp i NIF, kan laget gjere endringar i lova.
Lovendringar  Alle lovendringar må vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte etter å ha vore ført opp på saklista, og krev 2/3 fleirtal av dei avgjevne stemmene. Lovendringane må sendast til idrettskretsen for godkjenning. Lovendringar i idrettslaget si lov som følgje av endringar i NIF-lova, trer i kraft straks. Lovendringar vedtekne av idrettslaget sjølv trer ikkje i kraft før dei er godkjende av idrettskretsen. Ved endring av lova kan idrettslaget leggje til det idrettslaget sjølv vurderer som nødvendig å ha regulert i eiga lov. Intern organisering av idrettslaget skal regulerast gjennom idrettslaget sin organisasjonsplan.
Motstrid mellom idrettslaget si lov og NIF sitt regelverk/lovnorm  Tillegga/endringane i idrettslaget si lov kan ikkje vere i strid med NIF sitt regelverk (NIF-lova, reglar og forskrifter) eller mot denne lovnorma. Ved eventuell motstrid mellom ein regel i idrettslaget si  lov og NIF sitt regelverk/lovnorm, vil regelen i idrettslaget si lov vere tilsvarande ugyldig.

 

 

NIF-lova, reglar og forskrifter er tilgjengelege på www.idrett.no

Comments are closed.