Klubbhandbok SIL

Mai 2019: Klubbhåndboka er under oppdatering. Ser du informasjon som burde vært med/oppdatert så ta kontakt med Jarleif Kjørren på epost: dl@lom-idrett.no.

Klubbhandboka skal svare på dei viktigaste spørsmåla om klubben og gjere det enkelt å finne ut kva som gjeld internt i klubben. Den skal sikre at det er kontinuitet i det som blir bestemt og gjort. Klubbhandboka er laga av styret og dagleg leiar etter mal av NIF, og innhaldet blir vedteke av styret. Styret har mandat til løpande revisjon av innhaldet.

Handboka er eit arbeidsverktøy for alle medlemmar, utøvarar, foreldre, tillitsvalde i styre, komitear, og utval, tilsette, trenarar og dommarar i Skjåk Idrettslag. Nye styremedlemmar, tillitsvalde og gruppeleiarar bør sette seg inn i klubbhandboka.

Handboka skal nyttast til å forstå og kommunisere kva som er viktig i vårt idrettslag, kva vi skal oppnå, kva vi tilbyr, og korleis vi gjer ting. Gruppene kan bruke utdrag av klubbhandboka for skriv til foreldre, utøvarar ol. Dei fleste søkjer kun den informasjonen som dei har behov for, og ikkje alt anna. Derfor er mykje av innhaldet laga direkte til dei viktigaste målgruppene. Bruk innhaldslista for å finne det du er ute etter.

Framsida viser dato for siste publiserte oppdatering.

Klubbhandbok SIL, oppdatert 010318

Comments are closed.