Praktisk informasjon Fjellgeitturar

Postane

Postane er merka med oransje / kvite postflagg. Ved kvar post er det ei
stifteklemme, den blir brukt til å ”klyppe” i klyppefeltet i heftet. Vi oppmodar alle
om å bruke kartet og planlegge turen før dei startar. Alle turane er dekt av
«Turkart Skjåk». Også i 2023 har vi 10 turar, der to av desse er lengre og meir
krevjande, og blir anbefalt for større ungar, ungdom og vaksne.

Periode

Postane står oppe frå midten av mai til ca. 1.oktober (vêravhengig). Etter kvart
som postane kjem opp eller blir tekne ned, blir dette varsla på heimesida vår under
http://skjakil.no/fjellgeita/ og vår facebookside. Her vil kartreferansar og anna
informasjon bli gjeve.

Premiering

Alle barn og ungdom inntil 20 år som har fullført minst 6 av turane er med i trekning
av premiane. Dei som er under skulealder eller skal byrje på skulen må ha fullført
minst 4 av turane. Alle vinnarane blir kontakta.

Premiar

  1. premie: Gavekort for 1500,- kr
  2. premie: Gavekort for 1000,- kr
  3. premie: Gavekort for 750,- kr
    Uttrekkspremiar frå fleire bedrifter.
    Merker: 1. år – bronse 3. år – sylv 5. år – gull
  4. år – Fjellgeit-turkopp 10. år – Fjellgeitkniv 15.år – vindsekk
    Vaksne kan kjøpe Fjellgeitmerke.

T-skjorter

Vaksne kan kjøpe T-skjorter ved å bestille på skjema. (Kr 120,- pr. stk).

Frist

Frist for innsending av utfylt skjema er 16. oktober 2023.

Postskjema

Postskjema kan hentast og leverast inn hjå: Rusten Sport og Skjåk folkebibliotek.

Bilete

Vi ynskjer å få innsendt bilete for framsyning på Fjellgeitkvelden. Nokre av desse
bileta kan bli lagt ut på vår nettside dersom dykk ikkje reserverar dykk mot dette.
Send bileta på e-post: simen_toven@live.no.

Anna

Skjåk Turlag har òg mange fine turar, sjå eigen foldar.
For informasjon om fiskekort og hytteleige i Skjåk Almenning:
www.skjak-almenning.no