Flækøyhøe UPP

Velkommen til Skjåk og vårens brattaste eventyr!

Gutt som springer opp fjellet Flækkøyhøe under konkurransen Flækkøyhøe Upp.

Med fantastisk natur, nasjonalparkar og høge fjell på alle kantar. Kva er vel meir naturleg enn å arrangere eit motbakkeløp i Skjåk?

Årets løp går laurdag 15.juni. Samme dag er det også både Ståk i Skjåk og Korstemne, så denne dagen blir det liv i Bismo’n.

Løypa

Starten går i Bismo sentrum på 400 moh. Trimklassedeltakarar kan starte mellom kl. 8 og 10, det er fellesstart for trimklassa kl 10. Tidene i trimklassa blir ikkje offentleggjort.
Konkurranseklassa startar kl. 11.00.

Løpet startar ved Skjåk kommunehus. Fyrste del av løpet går gjennom sentrum og langs gang- og sykkelvegen til Skamsarbrua. Deretter over brua og kryssing av fylkesvegen. Løypa tek opp gardsvegen mot vest og Morken gard. Like før garden tek du av merka løype til venstre. Løypa går i noko ulendt terreng i 300 meter til du kjem inn på raudmerka stig ovanfor Morken. Stigen går bratt oppover skogen og frå 700 moh etter ein rygg i terrenget til skryteboka på 950 moh. Mål er ved ved ein varde på 1100 moh. Dette er grensa for Breheimen nasjonalpark.

Deltakarar i barneklassa (opp til 12 år) kan sykle frå start til rett nedanfor Morken der stien startar.

Rekordar:
Dameklassa: Ingeborg Synstnes Hole: 35:39
Herreklassa: Geir Steig 31:02
Får vi nye rekordar i år? Og når er det nokon som klarar å komme under 30 minutt?

Nytt av året er «Flækøyhøe Upp Light». Dei som ynskjer det kan væra med i løpet, men med målgang på Øvre Flaten på ca 620 moh. For å unngå kollisjon med dei som er på veg opp, vil denne klassa gå ned att om Roa-vegen, om du da ikkje heller velger å stå på Øvre Flaten og være heiagjeng 🙂
Skulle du finne ut ved Øvre Flaten at formen er bra, kan du berre fortsetje heilt til topps.
Dei som gjennomfører Fupp light får desverre ikkje medalje, men er med i trekning av premiar.

Det vil bli fine premiar!
Vi har premiar frå Smart Bemanning, Skeid Kro, Grotli Høgfjellshotell, Nidaros Profil, Tine, Scantrade (Scott/Fibra/Umbro) og Skjåk Ålmenning. Tusen takk til alle desse!
Alle som kjem seg opp til toppen får medalje.
I konkurranseklassa er det pengepremiar.
Premieutdeling på scena utanfor kjøpesenteret klokka 13.30, du må væra til stades ved utdelinga for å få premien din.

For påmelding, trykk her

For dei fyrste som melder seg på i konkurranseklassa og er ein gjeng på tre/fire, tilbyr vi gratis overnatting i hytte på Dønfoss Camping frå fredag 14. – søndag 16.juni. Send mail til dl@skjakil.no og gje beskjed om kven dykk er, og at dykk ynskjer dette tilbodet. (Alle tre/fire må være påmeldt i konkurranseklassa og stille til start). Vi har to hytter.
For dei fyrste som melder seg på i trimklassa og er ein gjeng på tre/fire, tilbyr vi gratis overnatting i hytte på Gjeilo Camping frå fredag 14. – søndag 16.juni. Send mail til dl@skjakil.no om at dykk ynskjer å nytte dykk av dette tilbodet. (Alle tre/fire må være påmeldt i trimklassa og stille til start.) Vi har to hytter.
Tusen takk til Dønfoss Camping og Gjeilo Camping som stiller med hytter!

Følg oss også på facebook for informasjon og bilder, og følg Skjåk idrettslag sin instagram.

Løypekart med start i Bismo (sentrum):

Våre sponsorar og samarbeidspartnarar:


Meld deg på Flækøyhøe UPP