Post 2: Storlirunda

Utgangspunkt: Furuly Camping eller Circle K i Nordberg Litt om turen: Gå gjennom campingplassen. Stigen startar øvst og lengst vest på campingsplassen. Fylg raudmerka stig og fjellgeitskilt. Turen går både etter skogsbilveg og stig. Runda er ca 5 km. Posten står på toppen av runda, ca halvvegs, i enden av…

Les vidare

Post 4: Stoe på Dalom

Utgangspunkt: Dalom Litt om turen: Køyr innover Nørdre Dalain på venstre side av Skjøle til parkeringsplass/vegkryss. Fylg skogsbilvegen innover Lundadalen opp bakkane og vidare innover til bålplass og Fjellgeitpost. Her er det også ei lita hinderløype i skogen. Stutt tur. Hit arrangerer vi fellestur 17. juni, med bål og tursti.…

Les vidare

Årsmøte for Fjellgeita

Fjellgeita held årsmøte mandag 12. frå klokka 18, på Skjåk Turistheim. Sakar: Godkjenning av innkalling. Gjennomgang og godkjenning av årsmelding og handlingsplan Gjennomgang av rekneskap og budsjett Val, konstituering av nytt styre. Eventuelt. Det blir servering. Alle deltakarar er hjarteleg velkomne.

Les vidare

Fjellgeitkvelden 2017

Torsdag 23.november kl. 18:00 er det klart for Fjellgeitkvelden 2017 på Skjåk Turistheim. Årets program er som vanleg: ljosbileteshow med framsyning av bilete frå årets turar utdeling av t-skjorter til alle ungar som har gått nok turar fotosession der alle får synt fram dei nye, fine t-skjortene sine trekking av…

Les vidare

Fyrstehjelpskurs i Skjåkhallen

Måndag 9.oktober kl 18 blir det kurs i bruk av hjertestartar og generell fyrstehjelp i Skjåkhallen. Produsenten av hjertestartaren i Skjåkhallen, Blostrupmoen Medical Equipment, held kurset. Alle lag og treningsgrupper i idrettslaget bør vere representert på dette kurset. Påmelding til Hallgeir Garmo på dl@lom-idrett.no.  

Les vidare

Post 9 Stamåtjønnin

Utgangspunkt: Stamsetervegen Litt om turen: Køyr opp til parkeringsplassen like nedanfor Stamsetra eller parker nede ved riksvegen. Fylg vegen oppover til setrene og ta til høgre ved eit fjellgeitskilt. Her kjem du innpå eit råk som du fylgjer innover mot fjellet. Etter at råket tek slutt, gå opp og vestover…

Les vidare