Fjellgeitsesongen går mot slutten

Veret har snudd og årets fjellgeitsesong er snart slutt. Grunna ein god del snog allereie, blir vi nøydd til å hente dei lengste postane (9 og 10) nokså snart. Vi ynsker å la dei andre postane stå ut haustferien, men er ôg her prisgjeve ver og føreforhold. Vi minnar også…

Les vidare

Post 3: Gapahuken ved Breidalsvatnet

Utgangspunkt: Sørsida av Breidalsdammen Litt om turen: Køyr gamle Strynefjellsvegen frå Grotli til parkering på andre sida av Breidalsdammen. Frå parkeringa må du fylge grusvegen ved vatnet eit stykke (til eit pumpehus). Frå der fylger du raudmerka stig langs Breidalsvatnet til gapahuken. Lett tur. Ca 2 km ein veg. GPS-koordinatar:…

Les vidare

Post 9: Grønstorrbue

Utgangspunkt: Tundradalssætre Litt om turen: NB! Betalingsbom på Tundradalsvegen. Parker ved Tundradalssætre og kryss brua over Tundra. Fylg umerkt, men tydeleg stig vidare innover dalen. Stigen er relativt flat og lettgått, og turen er omlag 8 km ein veg. Det er fint å fiske i Tundra. Grønstorrbu kan leigast av…

Les vidare

Post 8: Krossen mot Horrungen

Utgangspunkt: Dammen på Aursjoen Litt om turen: Parker ved austenden av Aursjoen og gå råket mot Leirungsvatnet. Etter at du har kome ca 2 km på råket (Fjellgeitskilt), så tek du sørover på eit tidvis dårleg råk. Det er nokre steinvardar og etter 1 km her så kjem du til…

Les vidare

Post 10: Vegaskjel Finndalsråket

Utgangspunkt: Staurust Litt om turen: Av omsyn til gardstuna vidare innover vegen, ber vi om at alle fjellgeiter parkerer ved snuplassen (der asfalten sluttar). Gå innover gardsvegen til du ser fjellgeitskilt. Fylg så skogsbilvegen opp mot Stavåsen, ei sæter som ligg rett under tregrensa. Rett før Stavåsen tek du til…

Les vidare

Post 1: Pøyllstrondvegen

Utgangspunkt: Oppkøyring til Pøyllstrondvegen om lag 600 m aust for Pollfoss Litt om turen: Fylg Pøyllstrondvegen oppover frå riksvegen og austover på oversida av Pollvatnet. Turen er om lag 1.2 km ein veg og kan også vere fin å sykle. Ein kan og gå turen frå den austre oppkøyringa til…

Les vidare

Post 7: Rundhaugen mot Dyringshøi

Utgangspunkt: Bråtååsen Litt om turen: Parker i vegkrysset på Bråtååsen. Fylg raudmerkinga til Rundhaugen, for det meste etter fin stig. Turen går forbi den gamle Reinsgarden. Fin utsikt mot Raudalen og Liavatnet. Turen er ca 4 km ein veg. Status per 19. mai: Stort sett turt og fint å gå,…

Les vidare

Post 6: Bispberget

Utgangspunkt: Byggefeltet ovanfor Gamleheimstrædet Litt om turen: Gå nederste veg i byggefelt til Fjellgeitskilt. Fylg skilting mot Bispberget. Litt bratt enkelte plassar. Fin trollskog i Skeidsholet. Hald fram vidare opp mot Bispberget. Posten står på høgaste Bispberget, 1086 moh. Turen er ca 4 km ein veg. Her er det flott…

Les vidare

Post 5: Øybergsura

Utgangspunkt: Nedsida av riksvegen ved nordenden av Øybergsura. Litt om turen: Gå nedover riksvegen om lag 100 meter (Fjellgeitskilt). Fylg raud/gul merking oppover i ura. Posten står attmed postkassa om lag 70 høgdemeter opp i ura. Total lengde på turen er under ein kilometer. Dette er ein tur i til…

Les vidare