Resultatlister klubbmeisterskap 2018

Trass i at temperaturen kraup ned mot 15 minusgrader denne sundagen stilte 39 løparar i alderen 4 til 40+ på startstreken i årets klubbmeisterskap. Sola skein på stadion og det var mange blide ungar og vaksne å sjå. Skigruppa vil gjerne gratulere alle deltakarar med flott innsats! Resultatliste klubbmeisterskap 2018

Les vidare

Klubbmeisterskap 2018

Skigruppa arrangerer klubbmeisterskap i Botn sundag 21.januar kl. 13:00. Stilart fristil. Deltakarpremiar til alle startande, rangering og pallplassering på klassane frå 11 år og oppover. Det blir varme grillar og sal av kaffe og bite. Påmelding seinast 30 minutt før start. Kuldegrense -15 grader. Velkomen til små og store skiløparar!

Les vidare

Karusellrenn 16.januar i Lia

Tysdag 16.januar kl. 18:30 arrangerer skigruppene i Lom og Skjåk felles karusellrenn i Lia. Stilart klassisk. Dette er fyrste gong vi prøver eit slikt fellesarrangement og skigruppa håpar mange skiløparar frå Skjåk vil delta! Det er online påmelding og kr. 30,- i startkontingent. Påmeldingsfrist seinast kl. 18:15 renndagen. Meld deg…

Les vidare

Bruk av skistadion Botn laurdagar

Skigruppa minner om at motorsportklubben har snøskuteraktivitet på stadion i Botn laurdagar. Skifolk er velkomne til å starte turen frå stadion. Når skuteraktivitet pågår, vil alternativ skitrase  inn i ljosløypa vere skilta. Ver venleg å fylg denne skiltinga slik at ikkje farlege situasjonar oppstår. Det er fullt mogleg å nytte…

Les vidare

Sesongens fyrste karusellrenn

Onsdag 10.januar kl. 18:00 er det klart for årets fyrste karusellrenn i ljosløypa i Dønfoss. Det er fine forhold i ljosløypa no, og skigruppa håpar mange stiller til start. Påmelding ein halv time før start. Kuldegrense -15 grader. Eventuell avlysing vil bli varsla på nett og på Skjåk IL si…

Les vidare

Fjellgeitkvelden 2017

Torsdag 23.november kl. 18:00 er det klart for Fjellgeitkvelden 2017 på Skjåk Turistheim. Årets program er som vanleg: ljosbileteshow med framsyning av bilete frå årets turar utdeling av t-skjorter til alle ungar som har gått nok turar fotosession der alle får synt fram dei nye, fine t-skjortene sine trekking av…

Les vidare