Invitasjon til begynnerinstruktørkurs-symjing i Skjåk

Symjegruppa i Skjåk il gjennomfører Begynnerinstruktørkurs helga 3. og 4. november 2018. Dette er eit kurs over 16 timar, 9 timar laurdag og 7 timar sundag. Det vil bli servering av lunsj, kaffi, te og frukt båe dagane. Kurset varar frå klokka 09.00-18.00 laurdag og 09.00-16.00 sundag. Kurset startar med HLR og livredning i vatn laurdag. Kurshaldar, Hamid Reza Zarei er tilknytt Norges Svømmeforbund. For å delta på kurset må deltakarane fylle 15 år inneverande år. Kurset vil bli gjennomført i Skjåkhallen og ved Skjåk barne- og ungdomsskule. I forkant av kurset må deltakarane gjennomføre e-læringskurs, link til dette vil de få tilsendt. Denne helga har dessverre ikkje Skjåk Turistheim ope for overnatting. De som kjem tilreisande må difor bestille overnatting i Lom (18 km frå Bismo/20min med bil). For overnatting i Lom kan de ta kontakt med Fossberg Hotell (tlf  61 21 22 50/booking@fossberg.no), dei leiger ut både hotellrom og leilegheiter. Heimesida deira er http://fossberg.no. Påmeldingsfrist for å delta på symjekurs  er fredag 19.oktober. De melder dykk på gjennom http://www.minidrett.no. Skulle det vere spørsmål om kurset i Skjåk, eller vanskar med påmelding kan de ta kontakt med Trine Sanden (tlf 40 24 40 54).

 

Kursutgifter for deltakarane, inkludert kursmateriell:

1500 kr uten mat for medlemmar i Norges Svømmeforbund

1750 kr med lunsj for medlemmer i Norges Svømmeforbund

2200 kr for andre deltakarane

 

Symjegruppa i Skjåk il dekkjer kurset for kursdeltakarar i Skjåk/Lom, om dei bind seg til å vere instruktør for symjegruppa i to år.

Vi i Symjegruppa ynskjer velkomne til ei aktiv og lærerik helg i

 

Med helsing

Symjegruppa i Skjåk il

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.