Post 10: Vegaskjel Finndalsråket

Utgangspunkt:

Staurust

Litt om turen:

Av omsyn til gardstuna vidare innover vegen, ber vi om at alle fjellgeiter parkerer ved snuplassen (der asfalten sluttar). Gå innover gardsvegen til du ser fjellgeitskilt. Fylg så skogsbilvegen opp mot Stavåsen, ei sæter som ligg rett under tregrensa. Rett før Stavåsen tek du til venstre ved fjellgeitskilt og fylger råket og skiltinga vidare. Råket kan enkelte stader vere litt utydeleg. Du passerer Øvre og Nedre Kvenngrovtjønne rett før du kjem til høgste punktet. Frå her er det flott utsikt mot Jotunheimen og Galdhøpiggen. Posten står like ved Finndalsråket. Dei som ynskjer ein lengre tur kan halde fram austover til Finndalen. Ein kan og starte turen frå Øygard Skule og gå via Krossen.

Oppdatering 06.10: Posten er no tatt ned.

GPS-koordinatar:

32V 0476810 UTM 6862177

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.