Post 6: Bispberget

Utgangspunkt:

Byggefeltet ovanfor Gamleheimstrædet

Litt om turen:

Gå nederste veg i byggefelt til Fjellgeitskilt. Fylg skilting mot Bispberget. Litt bratt enkelte plassar. Fin trollskog i Skeidsholet. Hald fram vidare opp mot Bispberget. Posten står på høgaste Bispberget, 1086 moh. Turen er ca 4 km ein veg. Her er det flott utsikt over heile bygda. Merk at posten IKKJE står ved postkassa på Bispberget, men på toppen innanfor (1086 moh) omlag 350 m nordaust for postkassa.

Status per 16. mai: Framleis litt blautt og ein del grøver å krysse, men elles fint å gå!

GPS-koordinatar:

32 V 0462502 UTM 6862428

One Comment:

  1. Stine Leirmo

    Fin tur! Gjekk upp v ofossen, gjekk over åt postkassa og ned andre veigen 🙂 hadde besøk tå maaaaaange flugu heile turen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.