Alpinrenn 18.mars

Skigruppa arrangerer alpinrenn i Grotli sundag 18.mars kl. 13:00. Dette er ei uhøgtideleg affære med ein trasè som passar dei fleste.

Dei som skal vere med på alpinrennet får rabatt på dagskort, slik at prisen blir kr. 200,-. Hugs å si frå at du skal vere med på renn når du kjøper heiskort:-D

Møt opp «synna» botnen av heisen ein halvtime før start for påmelding. Varm grill. Rennet teller som ordinært karusellrenn.

Velkomen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.