Åsen Rundt 2018

Sundag 11.mars arrangerer Skigruppa Åsen Rundt og familiedag i Botn. Dette teller som karusellrenn for alle som stiller for Skjåk IL. Førehandspåmelding fram til laurdag 10.mars kl. 20:00 til Ragnhild Taraldsrud, tlf 901 54 006. Betaling kontingent kontant eller med Vipps.

Åsen Rundt – turrenn klassisk 22,6 km

Trimklasse utan tidtaking:

Kontingent: barn u. 16 år kr. 50,- og vaksne kr. 100,-

Start frå kl. 09:00. Deltakarpremie til alle startande og uttrekkspremiar på startnummer.

Konkurranseklasse med tidtaking:

Vaksne kr. 200,-

Start kl. 12:00. Påmelding innan kl. 10:30 sundag. Klassevinnarpremie.

Botnrunda – familietur/konkurranseklasse ca 8 km

Trimklasse/familieklasse utan tidtaking – stilart valfri:

Kontingent: barn u. 16 år kr. 50,- og vaksne kr. 100,-

Start frå kl. 09:00. Deltakarpremie til alle startande og uttrekkspremiar på startnummer.

Konkurranseklasse 11-16 år – fristil:

barn u. 16 år kr. 50,-

Start kl. 12:00. Påmelding innan kl. 10:30 sundag. Klassevinnarpremie.

Premieutdeling ca 14:30. Varme grillar og sal av kaffe og bite på stadion.

Skigruppa ynskjer alle deltakarar velkomen til ein triveleg sundag for store og små i Botn!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.