Skisportens Dag 2018 – ein kjempeflott dag!

Da var OL i Botn 2018 vel i mål! Dagen var fylt med moro og latter, og tilfredse ungar og vaksne. Nokre hadde startnummer på bringa og gjekk skicross, medan andre kosa seg med å renne seg i hoppbakken eller kuleløypa. Det såg uansett ut til at alle hadde det heilt topp!

Resultatlista for skicrossen finn du her. Sjå bort frå distansane som står over kvar klasse. dei opp til og med 6 år gjekk 500 meter, medan alle dei andre køyrde ei forrykande crossløype med full innsats. Mange tøffingar å sjå ute i løypa – og alle fekk gull når dei gjekk i mål!

Etter skicrossen var det klart for grilling, familiestafett, hopprenn og skiskyting. Heile åtte lag stilte til start på stafetten, og etter intens kniving undervegs gjekk til slutt laget med Mya Hånsnar, Eldri Marie Galde Tråstad, Kari Krogstad og Kjell Erik Galde av med sigeren. Gratulerer så mykje!

I hopprennet stilte 12 modige hopparar til start, og innsatsen var det ingenting å utsetje på! Premie for beste fall gjekk til Noa Hånsnar medan Tor Taraldsrud stakk av med premien for lengste hopp.

Skigruppa vil gjerne takke deltakarar, publikum og medhjelparar for at de var med og gjorde OL i Botn til slik ein vellykka dag!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.