Skisportens Dag 18.februar

Sundag 18.februar kl. 12:00 er det klart for Skisportens Dag på skistadion i Botn. I desse OL-tider blir det sjølvsagt OL i Botn! Det blir OL-ringar, tenning av OL-elden og norske flagg på stadion. OL-øvingane på programmet denne sundagen er skicross, hopprenn, morostafett og frileik. Alle deltakarar på skicrossen får «OL-medaljar» og det blir premiar på dei andre øvingane og.

Ansiktsmåling for dei som ynskjer det av deltakarar og publikum. Ta gjerne med norske flagg!

Varme grillar og sal av kaffe og bite. Påmelding 30 minuttar før start.

Skigruppa ynskjer alle OL-deltakarar, små som store, velkomen til leikane i Botn!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.