Karusellrenn 16.januar i Lia

Tysdag 16.januar kl. 18:30 arrangerer skigruppene i Lom og Skjåk felles karusellrenn i Lia. Stilart klassisk.

Dette er fyrste gong vi prøver eit slikt fellesarrangement og skigruppa håpar mange skiløparar frå Skjåk vil delta!

Det er online påmelding og kr. 30,- i startkontingent. Påmeldingsfrist seinast kl. 18:15 renndagen.

Meld deg på her. Du vil og finne info om korleis du betalar kontingenten på denne sida.

Ein kan nytte klubbhuset i Lia til å varme seg, og kiosksal (kort/kontant).

Velkomen til små og store skiløparar!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.