Padlegruppa har fått midlar frå Gjensidigestiftelsen og Sparebankstiftelsen DNB

Idrettslaget er i startgropa med ny padlegruppe, og i haust vart det søkt støtte frå Sparebankstiftelsen DNB og Gjensidigestiftelsen til innkjøp av kajakkar og tilbehør. Vi har vore så heldige å fått tildelt midlar frå begge fonda no i desember, noko som vil dekkje inn budsjettet på kr 73 000. Utstyret som skal kjøpast inn skal kunne lånast ut til alle som ynskjer å prøve seg på elvepadling. I fyrste omgang er dette eit tilbod for målgruppa 14 år og eldre. Vi håpar at dette er eit tilbod som kan freiste ungdom og vaksne, og tenkjer dette er ein aktivitet som kan treffe dei som ikkje lenger er aktive i andre idrettar i laget. Om tilbodet blir populært, kan det og bli aktuelt å opne for yngre medlemmar.

Padlegruppa startar opp med innandørstrening i symjehallen etter nyttår. Ber om at interesserte oppsøkjer padlegruppa på facebook.

Idrettslaget takkar Sparebankstiftelsen DNB og Gjensidigestiftelsen for den flotte førjulsgåva 🙂

 

                                     

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.