Kurs i idrettsskader og førebyggande trening – fokus handball

Måndag 23. oktober kl 19-21 held fysioterapeut Jorun Sperstad-Fjeld kurs i temaet idrettsskader og førebyggande trening. Denne kvelden blir det spesielt fokus på handball, men anbefaler uansett utøvarar og trenarar frå andre idrettar å stille på dette kurset. Kurset blir avhalde i kantina på Ungdomsskulen.

Ingen påmeldingsavgift, berre møt opp!

13. november vil det bli avhalde eit tilsvarande kurs i Lom, da med fokus på fotballskader. Meir informasjon om dette kurset kjem seinare. Medlemmar av Skjåk IL kan og delta her.

Vel møtt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.