Friidrettsgruppa treng nye styremedlem

Ved neste årsmøte vil vi trenge tre nye styremedlem, da alle i sitjande styre har sagt nei til å fortsetje. Kjell Erik Galde sit eitt år på overtid, da det ikkje lukkast å rekruttere ny leiar ved førre årsmøte.

Friidrettsgruppa har friidrettstreningar sommar og vinter og arrangerer Tinestafetten og terrengløp i Hull. Flækøyhøe UPP er underlagt friidrettsgruppa, men har ei eigen arbeidsgruppe som organiserer dette arrangementet.

Friidrettsgruppa har tidlegare hatt 5 styremedlem, men vi vil no redusere styret til 3 medlemmar; leiar, nestleiar og kasserar. Dette er ei lita gruppe, og å ta på seg eit verv her vil ikkje medføre store arbeidsmengder.

Under er det vanlegaste arbeidsoppgåvene

Leiar

  • Innkalling og leiing av gruppemøte.
  • Kontakt mot Friidrettskretsen, hovudstyret i Skjåk IL, Flækøyhøe UPP, Tinestafetten og eventuelle andre nasjonale arrangement.
  • Påmelding og utarbeiding av ansvarsliste for Tinestafetten.

Nestleiar

  • Stedfortreder og støttespelar for leiaren.
  • Skrive møtereferat og oppdatere heimesida til idrettslaget og facebooksida til gruppa.
  • Organisering og delegering av arbeidsoppgåver i forbindelse med terrengløpa i Hull.

Kasserar

  • Betale rekningar og levere billag til rekneskapsførar etter fastsette fristar.
  • Utarbeide enkelt budsjett for gruppa og følgje opp dette gjennom året.

Om vi ikkje får på plass eit nytt styre innan neste årsmøte, blir vi desverre nødt til å leggje ned friidrettsgruppa. Vi har i år gjennnomført  gode treningsøkter med vår dyktige trenar Tor Taraldsrud.  Med eit så flott friidrettsanlegg som det vi har i Bismo, vil det veldig synd om vi ikkje klarar å vidareføre tilbodet.

Om du er viljug til å bidra, ta kontakt med Hallgeir Garmo på dl@lom-idrett.no eller 90985821.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.