Kurs i bruk av Klubbadmin 11.oktober

 

Etter krav frå Norges idrettsforbund skal alle organisasjonar underlagt forbundet frå 2017 ha teke i bruk elektronisk medlemsregister. Skjåk IL har teke i bruk forbundet sitt eige medlemsregister, Min idrett. Vi har no booka Oppland idrettskrets til å halde kurs i Klubbadmin 11.oktober kl 18-21 i Utgard i Lom. Klubbadmin er klubben sitt administrasjonssystem for medlemsregisteret. Alle organisasjonar som er medlemmar av NIF i Ottadalen er invitert til kurset. Kurset passar både for nybyrjarar og dei som har noko erfaring med systemet frå før. Klubbadmin kan vere eit godt hjelpemiddel for medlemmar av hovudstyre, gruppestyre, medlems- og økonomiansvarlege, trenarar og andre tillitsverv. I Klubbadmin kan du lage deg god oversikt på medlemmmar av ulike grupper og lag med kontaktinfo til kvart enkelt medlem. Ein kan og fakturere medlemskontingent, treningsavgift og andre betalingskrav på ein enkel måte via dette systemet. Sprei informasjonen til aktuelle grupper i og utanfor idrettslaget.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.