Post 7: Uppnose

Utgangspunkt:

Byggefeltet i Uppnose

Litt om turen:

Køyr rett fram forbi fotballbana før byggefeltet og parker på ei avkøyring like før siste svingen. Fylg så raudmerka stig gjennom furuskogen opp mot Uppnose. Etter ein del flatt i starten blir det meir stigning etter 1 km. Fylg den raudmerka stigen heilt innover til fjellgeitskilt og gå så austover att til posten på 1106 m.o.h. Fin utsikt over nordre delen av bygda frå posten. Dette er ein lang og litt krevjande tur for dei minste fjellgeitene.

GPS koordinat:

32 V 0447453
UTM 6865993

Forhold per 29. mai:

Det er noko blautt på slutten av råket, men elles fint.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.