Post 3: Larsbråtet

Utgangspunkt:

Nordberg skule

Litt om turen:

Gå gjennom skulegarden og gjennom grinda bak skulen mot Søre Hyrve. Fylg traktorvegen oppover på vestsida av jordet og kryss over grova. Ta til høgre ved fjellgeitskilt og kryss grova
på ny på «Regnbogebrua». Gå gjennom ei grind og fortsett vidare oppover på austsida av jordet ovanfor. Ta til høgre etter ca 250 meter (fjellgeitskilt) og du finn Larsbråtet litt inn i skogen. Her kan vere dyr på beite så hugs å late att grindene. Stutt tur.

Det vert arrangert fellestur med aktivitetar for barn den 24. juni. Meir info kjem her på bloggen og på Facebooksida vår etter kvart.

GPS koordinat:

32 V 0459234
UTM 6863688

Posten vart sett ut 5. mai.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.