VIKTIG! Obligatorisk brannøving for trenarar/lagansvarlege 19. januar

Kvar haust blir det gjennomført obligatoriske brannøvingar i Skjåkhallen i regi av Skjåk kommune. Det er påkrevd at alle treningsgrupper stiller med minimum ein trenar/ansvarleg kvart år. Treningsgrupper utan personar med godkjent brannøving, vil kunne bli nekta å bruke Skjåkhallen. 

Det var skuffande oppmøte på brannøvingane i haust og det er mange treningsgrupper som pr i dag ikkje har personar med godkjent brannøving for sesongen 16/17. Vi har derfor fått ei ny moglegheit 19. januar kl 18.00. Gruppeleiarane har fått liste over kva lag som har stilt tidlegare og ikkje. Brannsikkerheit er noko vi må ta på alvor, og dersom du som trenar ikkje har anledning til å delta på dette tidspunktet, du finne nokon som kan stille i staden din.

I lenkja finn du innkallinga frå Morten Hagen med meir informasjon om brannøvinga.

Vel møtt!

https://drive.google.com/file/d/0B9QS9BpqHdzmSks2Q1kxNEh2MTA/view?usp=sharing

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.