Viktig informasjon til medlemmar av Skjåk idrettslag

Skjåk Idrettslag er medlem av Norges Idrettsforbund. Forbundet har kome med nye krav til løysingar som skal gjere det enklare for idrettslag med tanke på rapportering, fakturering av medlemskontingent, søknader og liknande. Eitt av desse krava er at alle idrettslag skal ha innført elektronisk medlemsregister innan utgangen av 2016.

Som medlem av Skjåk IL betyr dette at du må ha oppretta profil i Min idrett som er Skjåk IL sitt elektroniske medlemsregister (https://minidrett.nif.no/). Ein del av dykk har allereie ein profil her, da Min idrett er knytt opp mot idrettsforbundet sine databaser. Sjølv om du er registrert i systemet er det viktig at du opprettar ein profil i Min idrett slik at du får kontrollert personopplysningar og lagt til e-postadresse dersom du har det. Dette er viktig fordi vi frå 2017 vil krevje medlemskontingent via dette systemet. Om flest mogleg registrerer e-postadressa si i Min idrett sparar dette idrettslaget for mykje tid og ressursar som ellers går til utsending av papirfaktura. Du kan da betale ved innlogging i Min idrett, eller med KID-nummer frå elektronisk faktura utsendt på mail.

Det er og viktig at du registrerer barna kvar for seg, og at du opprettar familerelasjonar mellom familiemedlemmane dine (foreldre/føresette og barn under 18 år). Dette er viktig fordi det avgjer om du blir fakturert for familiekontingent eller enkeltmedlemskap. Det er og viktig for at vi skal kunne rapportere riktig antal medlemmar til idrettsforbundet, noko som avgjer kor mykje offentleg tilskot idrettslaget får kvart år.

Slik opprettar du profil;
Dersom du ikkje har vore innlogga på Min idrett tidlegare, må du fyrst registrere ein ny brukar.

(Dette gjeld også sjølv om idrettslaget på førehand har registrert deg i systemet. Brukar må likevel opprettast i innloggingsportalen)

  • Gå til nettsida https://minidrett.nif.no/
  • Klikk på lenkja Ny bruker øvst til høgre på sida (til venstre for grøn Logg inn knapp)
  • Skriv inn personinformasjon

Ved opprettelse blir det gjort ein automatisk sjekk mot vårt folkeregister. Registrer derfor fødselsnummer og navn slik det er registrert i folkeregisteret, ellers vil registreringa feile (unntak er utanlandske statsborgarar som ikkje er registrert i vårt folkeregister).

Registrer mobilnummer frå ein telefon du har tilgjengeleg, slik at du kan sjekke eingangskoda som blir sendt på sms.

  • Klikk på Fortsett (grøn knapp). 
  • Skriv inn ønska brukarnamn (minst 6 tegn). 
  • Skriv inn ønska passord to gonger (minst 8 tegn). 
  • Klikk på Fortsett (grøn knapp). 

Skriv inn eingongspassord du nå har fått tilsendt på SMS.

Det blir automatisk gjort ein sjekk mot idrettens databaser med navn, e-postadresse, kjønn og fødselsår. Dersom det er registrert ein person som matcher desse opplysningane frå før i idrettens databaser, vil du få opp ei moglegheit til å velje å knyte din nye brukar opp til denne personen, slik at din nye brukar får med seg eventuelle registrerte klubbmedlemskap og andre funksjonar, lisensar, kurs og kompetanse osv. Finn du deg sjølv fleire gonger i lista (noko som kan forekomme dersom du for eksempel har vore aktiv i fleire idretter, og klubbane har registrert kvar sin person i sine medlemsarkiv), kan du ta kontakt med idrettens support for å få slått samman duplikatane, og samle all informasjon på ein brukar.

Legg til familie
Inne på di personlege side går du til Min profil (øvst, midt på sida) og til Legg til familie. Dette kan gjerast på tre måtar. 1. Systemet vil foreslå familiemedlemmar dersom det eksisterer personar med lik e-postadresse som deg sjølv. 2. Eksisterande profil. Du skriv inn e-postadressa til personen, og det vil bli sendt ein forespørsel om familietilknytning til denne personen. 3. Under Nytt familiemedlem kan du registrere nye familiemedlemmar som ikkje er registrert tidlegare. Skriv inn personopplysningar og legg til.

For meir informasjon om Min idrett, sjå https://itinfo.nif.no/Min_idrett.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.