Byttedag for sportsutstyr i Lom 12. november

Skigruppa i Lom inviterer idrettslaga i Skjåk, Bøverdalen, Garmo, Vågå og Lom til å bli med på «Byttehelga».  Dette er eit nasjonalt konspet som skiforbundet og Sparebank 1 står bak. Hensikta med arrangementet er å vise folk at det er lurt å kjøpe brukt sportsutstyr. Høge krav til utstyr gjer at mange ikkje har moglegheit for å drive med utstyrskrevjande idrettar som langrenn eller alpint. Vi oppmodar derfor folk om å finne fram utstyr som ikkje passar eller som ein ikkje har bruk for lenger. Dette utstyret kan vere til stor glede for andre. På byttedagen i Lom blir det anledning til å stille med alt av sportsutstyr som ein ynskjer å selje eller gi bort.

Byttedagen blir arrangert laurdag 12. november kl 10-14 i Steinfjoset, Lom.
Tidspunkt for levering av utstyr:
Torsdag 10. november kl 0800 – 1600 i klubbhuset i Grov.
Fredag 11. november kl 0800 – 1200 i klubbhuset i Grov og 1800-2000 i Steinfjoset.
Laurdag 12. november kl 0900 – 1100 i Steinfjoset.
Tidspunkt for henting av utstyr som ikkje blir seld.
Laurdag 12.november kl 14.00 – 15.00 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.