Oppstart for Barneidretten 2.november

Barneidretten er eit uhøgtideleg aktivitetstilbod for ungar mellom tre og seks år. Det er viktig at idrettslaget har ein trygg rekrutteringsarena for dei yngste, der det einaste fokuset er å ha det moro:) Det er avsett ein times halltid på onsdagar kl 17.00 – 18.00. Det blir oppstart onsdag 2. november. Vi ber om at flest mogleg av foreldra stiller ved oppstart kl 17.00 denne dagen, da det vil bli litt informasjon om opplegget for Barneidretten i vinter.

For å drifte dette tilbodet er vi avhengige av at foreldra rullerer på å vere ansvarlege i hallen. Dette er ikkje ein stor jobb, men vi er avhengige av å ha nokon som er ansvarlege for sikkerheit og ordensrutiner i hallen. Eg ber om at dei som vil vere med i Barneidretten melder frå til meg så fort som råd. Set gjerne opp ynskje for kva datoar du har anledning til å vere ansvarleg i hallen. Her gjeld «fyrstemann til mølla», og det vil etterkvart bli utsendt lister over kven som har ansvaret dei ulike datoane. Kontakt meg gjerne for meir informasjon 🙂
Kontakt Hallgeir Garmo: dl@skjkil.no
                                          90985821  

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.