Fjellgeitkvelden 2016

No er datoen for årets avslutning på Fjellgeitsesongen klar: 

Torsdag 24.november kl.18:00 på Skjåk Turistheim.


Som vanleg vil vi gjerne ha inn bilete frå årets turar til ein filmsnutt vi syner fram på Fjellgeitkvelden! Støtt artig å sjå seg sjølv og kjende på stort lerret:-D
Bileta kan de sende på epost til Olav Øiberg: olav.oiberg@yahoo.no. Vi i Fjellgeita vil gjerne ha høve til å bruke gode «blinkskot» på nettsida vår eller liknande. Dersom de ikkje ynskjer slik bruk av bileta de sender inn, gi beskjed til Olav. På førehand takk!

NB! Hugs å levere foldar innan 14.oktober hjå Lien Sykkel og Sport eller på biblioteket i Bismo.

Meir info om Fjellgeitkvelden blir lagt ut når datoen nærmar seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.