Vel gjennomført Tine Fotballskule

Fotballgruppene i Lom og Skjåk arrangerer fotballskule annakvart år og denne gongen var det Skjåk sin tur. Fredag stilte omlag 70 håpefulle ungar klare til ei helg med mykje trening, læring og moro. Fredag og laurdag var det fokus på terping av spelferdigheiter, men og innslag av discogolf. Her stilte Flåklypa Sendeplatelag med dyktige instruktørar som gjorde dette til ei fin avkopling. Fotballskulen vart avslutta med turneringsspel, grilling og diplomutdeling. Flinke trenarar og frivillige foreldre sørgde for at dette vart ei flott helg 🙂

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.