Invitasjon til skitreningar i Lom

Idrettslaga i Lom og Skjåk ynskjer eit tettare samarbeid slik at ein saman kan tilby eit breidare idrettstilbod i bygdene. Ein del av dette samarbeidet inneber at du som medlem i Skjåk IL betaler du halv medlemskontingent i Lom IL. Det same gjeld for medlemmar i Lom IL som ynskjer å delta på aktivitetar i regi av Skjåk IL. Skigruppa i Lom IL arrangerer treningar i skuleferien, og alle skjåkværar er velkomne til å delta. Desse øktene passar dei fleste, og du treng verken vere skiløper eller topptrent for å vere med. Om du er mest ivrig på fotball, handball eller andre idrettar vil du uansett ha utbyte av desse øktene. Det er og mogleg å låne rulleski for dei som ikkje har det. Vel møtt!


Treningsplan sommarferien 2016

Treningsform
Oppmøtestad
Torsdag 23/6 kl 1800
Roleg og lang joggetur
Grov
Torsdag 30/6 kl 1800
Løpsintervall. 2 min drag, 30 sek pause. Justerer antal drag etter nivå, men maks 10
Nordre enden på Liabrue
Onsdag 5/7 kl 1800
Styrketrening og stafettleikar
Grov
Torsdag 14/7 kl 1800
Rulleski klassisk, langtur
Tronodbrue
Torsdag 21/7 kl 1800
Pyramideintervall, elghufs med stavar
Nordre enden på Liabrue
Torsdag 26/7 kl 1700
Kombiøkt, rulleski skøyting og styrketrening
Tronodbrue
Torsdag 04/8 kl 1915
Roleg og lang joggetur med stavar
Oppmøte Grov, samkjøring til eigna plass. Kjem etterkvart

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.