Tine Fotballskule i Skjåk

Fotballgruppa i Skjåk Idrettslag arrangerer TINE fotballskule for jenter og gutar i alderen 6-12 år (fødde 2004 – 2010) laurdag 13. august – måndag 15. august 2016 på Bismo stadion. Fotballskulen er frå kl. 10.00 – 15.00 laurdag og søndag og kl. 09.00 – 15.00 måndag.
Desse dagane står fotballaktivitetane sentralt. Det blir varierte treningsøkter, fotballkampar og turneringspel. Det blir ei økt med keepertrening på 1,5 time laurdag for alle som ønskjer det (6-12 år). Søndag blir det ei økt på 1,5 time for dei i alderen 10-12 år. Det er plass til maksimum 30 deltakarar på keeperøktene og registrering må gjerast ved påmelding til fotballskulen. Første mann til mølla gjeld…
Ansvarlege instruktørar vil vere trenarar frå fotballgruppene i Lom og Skjåk.
Fotballskulen kostar 500 kr pr. spelar. Beløpet dekkjer eit måltid og frukt kvar dag. Alle
deltakarar får ei utstyrspakke.
Velkomen til TINE Fotballskule i Skjåk!
PÅMELDINGSFRISTEN ER MÅNDAG 1. JULI 2016. Det er maksimum 100 plassar og første mann til mølla gjeld…..
KLIKK HER FOR PÅMELDING OG BETALING:  Skjåk – Tine fotballskole 2016
Utført betaling gjeld som påmelding.
Kontaktpersonar:
Sportsleg ansvarleg:
Marius Andreassen. Tlf. 924 67 524     E-post: marius.andreassen@no.ey.com
For spørsmål om påmelding, betaling m.m.:
Hans Sæther. Tlf. 909 61 361    E-post: hans_saether@hotmail.com

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.