Skisesongen er over!

Torsdag 21.april var det klart for skiavslutning i kantina på Skjåk Ungdomsskule.

Denne sesongen har Skigruppa arrangert 6 vanlege karusellrenn og eitt alpinrenn. Til saman 90 ungar og 7 vaksne har stilt til start på renna våre.

Attåt dei vanlege karusellrenna har det vore eitt grannekarusellrenn, Åsen Rundt med 54 deltakarar og Påskesprinten med heile 167 deltakarar.

Alle dei som har vore med på 3 eller fleire renn var inviterte til skiavslutninga, i alt 53 ungar og 4 vaksne, der yngstefrøken var 2 år og eldstemann 50+. Det var godt oppmøte på avslutninga, mange ungar som fekk premie, åt pysje og kaker og fekk sprunge og kula i lag med andre;-D

Deltakarpremien i år var flotte termokrus. 

Takk til Prix Skeimo og S-Marked Bruvoll for flotte fruktkorger til loddsalet.


Skigruppa takkar så mykje for innsatsen til deltakarar, foreldre og alle andre som stiller opp og hjelper til gjennom sesongen! Vi håpar å sjå mange av dykk på renn til vinteren att!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.