Post 6: Palltjønnin

Utgangspunkt: Bommen ved Heillstuguvatnet

Turbeskriving: Køyr RV258 Gamle Strynefjellsvegen og parker ved bommen før Heillstuguvatnet. Gå hengjebrua over Måråe og fylg deretter stig oppover langs elva til vatnet og opp til to hytter. Fylg varda stig opp på austsida av Åfåtgrove til det flatar ut og du kjem til eit lite berg (fjellgeitskilt). Her renn Åfåtgrove i ei ur og du kryssar lett. Gå rett vestover i lett og ope terreng. Rett fram ser du elva frå Palltjønnin som renn ned mot Heillstuguvatnet. Sikt deg inn litt til venstre for elva. Litt ur og kanskje fonner i siste oppstiginga. Posten står på ein liten haug ved utløpet frå den største Palltjønna (1262 moh). Fint å fiske.

GPS-koordinatar: 32V 0426330 UTM 6872040

Kart: Turkart Skjåk

Status da posten vart sett ut, den 12. juni: Bortsett frå nokre fonner på slutten, var det bart når posten vart sett opp. Ved lita vassføring kan Åfårgrovi kryssast før ein kjem til det vesle berget slik det står i folderen. Turen vil da bli kortare, men ein del kjørr og kratt.

 Merk at Strynefjellsvegen framleis er vinterstengt, og at ein må gå fra dammen. Forventa åpningstid for vegen er 15. juni, men sjekk status hos Vegvesenet for å være sikker.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.