Post 2: Stutargrovi

Utgangspunkt: Oppkøyring Nordre Heggebotn

Turbeskriving: Du går den nye bomvegen oppover til du kjem til ei «rundkøyring». Her går du av bilvegen, og held fram litt austover. Fylg fjellgeitskilt. Dette er ein stutt tur på under 1 km på tydeleg veg. Fin utsikt over seterstulen Slirstrondi på andre sida av elva. 

Namnet på grovi skal kome av Stutar-Kari. Ho var gardkjerring på ein gard inne i Stamseterfjellet og fekk tilnamnet sitt av at ho var så meisterleg flink til å spela på lur. 

Turlagstur 3. august 2016.


GPS-koordinatar: 32V 0447609 UTM 6868583


Kart: Turkart Skjåk

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.