Åsen Rundt 2016

Skigruppa tok i år opp att tradisjonen med å arrangere turrennet Åsen Rundt. 

Nokre av dei som var med har gått alle Åsen Rundt-renna, andre deltok for fyrste gong. For barnefamiliar var det og høve til å gå Botnrunda på ca 8 km.

Det stilte 9 personar til start i konkurranseklassa med tidtaking. Simen Slettede var den einaste ungdomen som gjekk Botnrunda på tid, medan 8 staute karar og kvinnfolk gjekk Åsen Rundt. Flott innsats, med Mathias Slettede som raskaste kar på 01.20.55 og Ragnhild Vestad som einaste dame gjekk på 01.43.20. Resten av resultata i konkurranseklassa finn du her.

Utanom dei som ville gå fort, var det mange som stilte i trimklassene (utan tidtaking) og som hadde ein triveleg dag i løypa. Deltakarlista ligg nedst i innlegget.

På stadion var det god stemning med ordførar Elias Sperstad som speaker, sal av kjøtkaku på gaffel frå Mogard og grilling. 

Alle som gjekk renn fekk deltakarpremie, og i tillegg hadde lokale bedrifter sponsa flotte premiar som vart trekte på startnumra. 

Ein særskilt takk går til Oddveig Plassen som donerte kr. 2000,- til Åsen Rundt. Av denne summen gjekk kr. 1000,- til pengepremie til beste tid i dame- og herreklassa og resten går til sjølve arrangementet. Tusen takk!

Skigruppa vil takke fylgjande bedrifter som bidrog med gevinstar:
Gausdal Landhandleri Lom
Europris Lom
Rema 1000 Lom
Sport1 Lom
Breheimen Mat
Statoil Bismo
Lien Sykkel og Sport
Bunnpris Bismo
Coop Prix Skeimo
Lom og Skjåk Sparebank
Expert Skjåk
Felleskjøpet 

Skigruppa sender ein stor takk til alle deltakarar og medhjelparar som gjorde at vi fekk ein utruleg triveleg dag på ski!


Desse stilte til start i trimklassa:

ÅSEN RUNDT

Hans Erik Kjosbakken
Kristi Gjengedal Bakken
Stein Lundamo
Torill Lundamo
Susanne Ramstad Brenna
Ola Brenna
Ola Aaboen
Kari Krogstad
Tore Krogstad
Hans Krogstad
Anna Krogstad
Edvard Haugen
Astrid Bjørnstad
Marie Galaaen

BOTNRUNDA

Olina Kveen
Margrethe Kveen
Grethe Sperstad
Kai Rune Kveen
Ådne Vang
Vemund Vang
Idun Taraldsrud
Tor Taraldsrud
Tiril Morken Gartland
Vetle Morken Gartland
Ronja Morken Gartland
Anne Bjørg Morken Gartland
Håvard Gartland
Paula Kjeka
Sander Dijkstra
Sandra Kjeka
Rolv Kjeka
Siv Elisabeth Mork
Jonas K. Stenersen
Paul Vange
Lars Vange
Haldis Vange
Noa Hånsnar
Mya Hånsnar
Kari Hånsnar
Andrea Teigen
Hedda Teigen
Tilda Teigen
Marianne Dagsgard
Kari Teigen
Ørjan Fallingen





Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.