Skisportens Dag 2016 – mykje moro!

Det vart ein kjempevellykka dag i Botn med skirenn, stafettar og hopprenn!

Mange var spente på skicross – kva var dette for noko rart? I mål såg det ut som alle hatt hatt det artig i løypa. Skigruppa kjem garantert til å arrangere skicross fleire gongar! 

Etter renn var det stafett med bratte bakkar, kuleløype, 360-vending, baklengs-skigåing og kaste på blink – mange tøffe lag gav alt undervegs! Laget til Lars, Vemund og Paul fekk premie for beste fulltreffar. Aurora, Hans og Gudbrand vart raskaste lag. Gratulerar med strålande innsats!

Bilete frå hopprennet

Hopprennet hadde god deltaking, og her var det full innsats! Rykta fortel at det var minst ei ski som vart knekt undervegs… Lengste hopp stod Gudbrand for, Hans kom på 2.plass og Tore på 3.plass. Premiane for mest spektakulære fall gjekk til Kåre og Lina. Bra jobba, alle saman!

Elles var det full rulle i akebakken der både små og store kosa seg på ski og med akebrett.

Ein ekstra takk går til Bakeriet og Liv Dagrun for bollar og kanelsnurr!

Skigruppa vil gjerne takke deltakarar, medhjelparar og tilskodarar for ein innhaldsrik og artig dag i Botn!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.