Skisportens Dag sundag 28.februar

Sundag 28.februar klokka 12:00 er det Skisportens Dag i Botn.

Denne dagen står skicross på programmet i staden for vanleg karusellrenn. Skicross er moro og leik og vi legg opp løypa slik at ho skal passe for både små og store ungar.

Det blir kjempespennande å prøve noko nytt og annleis, både for deltakarane og for oss i Skigruppa! 

Andre aktivitetar denne dagen er ansiktsmåling for dei av ungane som vil, hopprenn og leikar/stafettar.

Alle får premie!

Vi har varme grillar, og det blir sal av kaffe og bite (hugs småskilling).

Påmelding seinast ein halv time før rennstart.

Velkomen til ein triveleg og morosam dag i Botn!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.