Åsen Rundt sundag 13.mars

Skigruppa tek i år opp det tradisjonsrike turrennet Åsen Rundt med ein familievri.

Rennstart trimklasse frå kl. 10:00

Rennstart kl. 13:00 konkurranseklasse Åsen Rundt/konkurranseklasse Botnrunda (puljeoppdeling)

Startstad: skistadion i Botn

Førehandspåmelding på telefon 93 42 56 42 fram til 12.mars kl. 18:00 og på rennkontoret på skistadion 10:00-11:30 på renndagen (tidspunkt absolutt!!!).

Vi gjennomfører:

Åsen Rundt-rennet (22 km):

Konkurranseklasse: (frå 17 år): kr. 200,-
Trimklasse: kr. 100,- vaksne/kr. 50,- barn t.o.m 16 år
Stilart: klassisk
Premiering konkurranseklasse kl. 16:00 på stadion
Botn-runda (7,7 km)

Konkurranseklasse 11-16 år: kr. 50,- 
Stilart: fristil
Trimklasse barnefamiliar: kr. 50,- pr barn.
Deltakarpremie til alle ved målgang. Det vil i tillegg bli trekt ut premiar på startnummer.
For deg over 13 år: Har du betalt årslisens, ta med bevis ved påmelding.
Du kan og løyse eingongslisens: kr. 100,- for vaksne og kr. 50,- for ungdom (13-25 år)
Det vil bli varme grillar og sal av både varm mat og kaffe og kaker på stadion.
Deltaking denne dagen vil bli registrert som vanlege karusellrenn i regi av Skigruppa. Vi håpar mange familiar legg sundagsturen til Botnrunda.
Skigruppa ynskjer velkomen til ein triveleg skidag i Botn og håpar at mange uansett ambisjonar/form/alder/fasong osv osv finn noko som passar for seg på programmet denne dagen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.