Post nr 7 Sekken er oppe!

No er posten i Sekken sett opp. Det er fine tilhøve! Da vi sette opp posten 2.juli fekk vi fylgje av rype og heilo og såg ein villreinflokk ikkje langt unna.

Eit par ekstra tips til dykk som skal gå:

Stigen er godt merka med vardar og raude merke, men går litt på kryss og tvers opp lia. Bruk augo godt og ta det med ro slik at de finn stigen og ikkje hamnar ut på glatte sva.

Stigen er bratt og her og der ligg det laus småstein oppå berget. Ikkje slepp ungane for langt frå dykk, særleg på nedturen.

Turbeskrivinga finn du her.

God tur!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.