Det er framleis flott vinter på Sognefjellet og lite tegn til at løypene smelter bort, og den avlyste samlinga i pinsa har fått ny dato. Samlinga vil gå føre seg frå fredag 17.juli til sundag 19 juli, og er for løparar frå heile Norddalen.
Løparar fødd i 2005 er velkomne til å delta på Sognefjellet denne helga.
Det blir med dyktige trenarar, men det er ikkje heilt klart enda kven som blir med.
Prisen for opphaldet denne helga blir kr. 620.- pr.døgn (inkl. alle måltid),
Løparar under 12 år betaler halv pris.
I tillegg kjem løypeavgift på kr. 80.- pr. dag.
Det vil bli 2 treningsøkter kvar dag,ei skøyting og ei klassisk.
Skisamlinga er ei sosial helg både for utøvarar, foreldre og trenarar.
Håpar at mange kan vera med på samling denne helga!
Påmelding til Espenaurmo@hotmail.com innan 19.juni.
Program:
Fredag 17. juli
* Kl 18.00 og utover: frammøte/ innsjekk
* Kl 19.00- 20.00: middag
* Kl 20.00: sosialt samvær
* Kl.21.30: kveldsmat
Laurdag 18.juli
* Kl 07.30-08.30: frokost
* Kl 9.30- 11.00: treningsøkt 1
* Kl 11.30-12.30: lunch
* Kl 13.30-15.30: treningsøkt 2
* Kl 18.30-20.00: middag
* Kl 21.30- 22.00: kveldsmat
Sundag 19. juli:
* Kl 07.30-08.30: frokost
* Kl 09.00-10.30: treningsøkt 1
* Kl 10.30- 11.30: lunch
* Kl 12.30- 14.00: treningsøkt 2
* Heimreise