Post 7: Sekken

UtgangspunktKøyr forbi Sota 3,4 km vidare mot Mysubytta. NB! Bomveg! Du finn skilt mot Sekken langs vegen. Høve til å parkere ikkje langt unna skiltet mot Sekken.

Turbeskriving:  Fylg den raudmerka stigen som er bratt, men ikkje luftig. Det er fleire sva. Gå rundt svaa i fuktig vær, da dei kan vere glatte. Innover fjellet flatar stigen ut. Like ved posten ligg det eit lite fiskevatn som heiter Sekketjønn. Det er fint å telte ved vatnet og gode fiskemoglegheiter.

Kartblad: Turkart Skjåk / 1418 I Skridulaupen

GPS-koordinatar32V 0429245 UTM 6853632

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.